Banner

Sondag 31/5 er det eit uhøgtideleg løp rundt fjoset til Teleros. BARNELØP, 5 KM, HALVMARATHON, HEILMARATHON.

Et slikt løp har det nok neppe vore før, så her har du sjangse til å være med på noko utanom det vanlege!

Det er deltagerpremie (t-skjorte mm) til alle, og flotte uttrekkspremiar! Heilt gratis (Takka være Hjartdalbanken, Sweco, Tine, Anton sport og Hoka)

Me starter kl 10 med barneløp. Ein runde rundt fjoset pr år (Født i 2013 = 2 rundar, 2010 = 5 rundar, osv)

Me satsar på å sende avgårde ein del årsklasser samtidig, og at foreldre/ andre sjølv teller rundar. (Om nokon har fleire ungar å passe på / følge så sei i frå så hjelper me til med å telle rundar)

5 km startar ca kl 10.30 (tidlegast), og Marathon distansane ca kl 11.30 (tidlegast).

Det er kiosksalg av / for fotballjenter J13 som skal på Norwaycup. (Ta med kontanter, gjerne småpengar)

Det vil også verte muleg å helså dyra i fjoset for dei som vil det.

 

NB: Påmelding før 10/5 pga bestilling av deltagerpremiar mm

Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Skriv fødselsår (barn/ungdom) eller distanse (voksne), navn, størrelse på t-skjorte, og kor du kjem frå (om det ikkje er Hjartdal)

 

 

 

Kva skjer

Ingen oppføringer er funnet

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her

Sponsor

Hjartdal og Gransherad Sparebank