Banner

Sundag 19.august arrangerte idrettslaget fjosmaraton atter ein gong, på Teleros. Det blei mange påmeldte etterkvart! Nesten 50 born, 25 stk. på 5 km og heile 6 stk. på halvmaraton. Det blei ein suksess med mykje skryt frå folk, og da fristar det til gjentakelse. Takk til alle som kom, til dugnadsfolk og takk for at dykk brukar mykje i kiosken.

Mens halvmaraton var halvvegs, kom dei 2 siste på "Værstingen" som fullførte 3 maraton. Gratulerer til Dag Olav, Trine og Kari!

Sjå bilete her

Idrettslaget er ein av grunnpilarene i bygda, og står bak veldig mykje av det som skjer av ulike fritidstilbod og aktivitetar.

Me er ikkje så dugleg mange i denna bygda kånns, og me er difor avhengig av at "alle" tek sin del av ansvaret for at me skal klare å halde hjula i gang.

 

Nå er det snart årsmøte og utskifting av ein del av dei som sitt i ulike verv. Mange har heldigvis teke nye år, men me treng og ein del nye folk inn.

Det er naudsamt å få på plass blant anna nestleiar, kasserar og leiar av fotball gruppa.

Om du kunne ta i eit av desse verva, så vil me veldig gjerne høre frå deg!!

Ta og kontakt om du veit om nokon andre som du trur er aktuelle for nokon av desse verva.

 

Ta kontakt med valgkomiteen: Ruth G Haug, Margrete Langåsdalen og Dag Olav Tho

Me jobbar med å oppdatere HIL sitt kart over Hjartdal og Hjartdalsfjella, sidan desse snart er utsolgt. Har du fine foto frå Hjartdal og Hjartdalsfjella? Sommer og vinter, med og utan folk og dyr. Har du lysst til å få ditt bilde på kartet ? Send det og kor / kven det er til innan 22/7, så kanskje nettopp ditt bilde kjem på kartet.

Me arrangerer fjosmaraton i år også! Sondag 15/5. Barneløp startar kl 10, 5 km ca 10.30 og halv og heil maraton startar ca kl 11.30.
Ungane spring ein runde pr år, som i fjor. Ein runde er 171 meter.
På dei lengste distansane vert løpsretning snudd kvart 20. minutt for å minske belastning.

Satsar på at foreldre / andre teller rundar for ungane. Me håper også at flest muleg ellers har folk som kan telle rundar for dei, dette gjeld særleg på 5 km. Skjema for å krysse av runder vert utdelt. Me teller for dei som treng assistanse med det. (Meld frå om det ved påmelding)

Me set pris på tidlege påmeldingar, for å kunne planlegge ut frå det.
Påmelding med navn, alder / distanse, idr lag, str på t-skjorte, og om du får nokon til å telle rundar eller ikkje:  innan 30/4
Uttrekkspremiar og deltagerpremiar.

Me håper på å ha litt andre aktivitetar og sjangse til å sjå på dyr og traktorar for dei som vil det.
Kiosk salg, kontantar.
Gratis påmelding, - bruk gjerne raust i kiosken :)

Det vert idrettsmerkeprøver for vaksne (over 16) på Bergtun onsdag 09.09, mondag 14.09 og onsdag 16.09 klokka 19.00.

Om det ikkje passar på uppsatte tider så ta kontakt med Olav Tho og gjer avtale om anna tidspunkt.

Underkategorier

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her

Sponsor

Hjartdal og Gransherad Sparebank