Banner

Det vert idrettsmerkeprøver for vaksne (over 16) på Bergtun onsdag 09.09, mondag 14.09 og onsdag 16.09 klokka 19.00.

Om det ikkje passar på uppsatte tider så ta kontakt med Olav Tho og gjer avtale om anna tidspunkt.

Styret meiner det hadde vore ein bra om me kunne klara å få til ein treningsbane for motocross i bygda. Det kunne aktivisera mange unge, også dei som ikkje er så aktive på andre aktivitetar idrettslaget har i dag.

Jan Kristensen (leiar HIL) var i kontakt med vegvesenet om det var muleg å få bruke noko av areala deira, men det var ikkje aktuelt. Me håper nokon "der ute" kanskje har noko område sjølve eller veit om noko som me kanskje kunne bruka til formålet. Ta kontakt med leiar i så fall, eller om du har spørsmål om emnet.

Sondag 31/5 er det eit uhøgtideleg løp rundt fjoset til Teleros. BARNELØP, 5 KM, HALVMARATHON, HEILMARATHON.

Et slikt løp har det nok neppe vore før, så her har du sjangse til å være med på noko utanom det vanlege!

Det er deltagerpremie (t-skjorte mm) til alle, og flotte uttrekkspremiar! Heilt gratis (Takka være Hjartdalbanken, Sweco, Tine, Anton sport og Hoka)

Me starter kl 10 med barneløp. Ein runde rundt fjoset pr år (Født i 2013 = 2 rundar, 2010 = 5 rundar, osv)

Me satsar på å sende avgårde ein del årsklasser samtidig, og at foreldre/ andre sjølv teller rundar. (Om nokon har fleire ungar å passe på / følge så sei i frå så hjelper me til med å telle rundar)

5 km startar ca kl 10.30 (tidlegast), og Marathon distansane ca kl 11.30 (tidlegast).

Det er kiosksalg av / for fotballjenter J13 som skal på Norwaycup. (Ta med kontanter, gjerne småpengar)

Det vil også verte muleg å helså dyra i fjoset for dei som vil det.

 

NB: Påmelding før 10/5 pga bestilling av deltagerpremiar mm

Påmelding til . Skriv fødselsår (barn/ungdom) eller distanse (voksne), navn, størrelse på t-skjorte, og kor du kjem frå (om det ikkje er Hjartdal)

 

 

 

Underkategorier

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her

Sponsor

Hjartdal og Gransherad Sparebank