MinitriatlonSUNDAG 20. AUGUST 2017 KL. 14.00

Hjartdal Idrettslag inviterer tuddølar, saulendingar og hjartdølar - og alle andre som måtte ha lyst - til det 3. minitriatlonet med base i Bjorhøl ved Hjartdal kyrkje. Det blir litt ulike løyper med vassing/symjing, springing og sykling for alle aldersgrupper. Gruppene blir starta puljevis, men det er inga tidtaking eller lister med plassering. Her er det deltaking og treningsglede som skal stå i sentrum. Alle som gjennomfører er hardhausar, og kan vente seg heider, ære og premie. I tillegg er det mogleg å gjera unna nokre aktivitetar til idrettsmerket.

Kiosk med sal av pølser m.m.

Påmelding til Renate Bakken seinast ei veke før, dvs. innan 13. august, anten per sms til 971 54 798 eller e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.NB: Få med namn, fødselsår ("årgang") og heimstad.

VELKOMEN TIL LITEN OG TIL STOR!

Kva skjer

Ingen oppføringer er funnet

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her