Hjartdal IL arrangerte MiniTri i Hjartdal sundag 18.august.

Samtidig som Dag Olav Tho fullførte sin femte maraton i Værstingen, haldt den yngre garde med born og unge på med MiniTriatlon i kyrkjeparken i Hjartdal. Og blant dei 36 tøffe ungane som deltok var det kanskje ein framtidig deltakar i Værstingen? 😉

Grunna stor vassføring og kaldt vatn, blei svømming bytta ut med spensthopp før sykkel og løping sto for tur.

Det blei eit vellykket MiniTriatlon, men deltakarane fekk ein ekstra utfordring under sitt løp da himmelen åpna seg for fullt. Hjartdal Idrettslag skaper originale konkurranser i ein uhøgtideleg konkurranse for å inspirere dei minste. Heilt ned til dei med støttehjul deltok. Det var ingenting å si på innsatsen til utøverne i alderen 2- 14 år. Og støtteapparatet sørget for forfriskninger og energipåfyll. Og som hedersgjest passerte Dag Olav Tho, superværstingen, i fint driv ut på sitt 5. maraton.

Det var også muligheter til å ta idrettsmerke i stille hopp og ballkast under arrangementet.

Foto/tekst: Renate Bakken, Telen v.Trond Kaasa. Takk!

MiniTri 2019 (1) MiniTri 2019 (2)

MiniTri 2019 (3)

Kva skjer

Ingen oppføringer er funnet

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her