Vi har 2 gode fotball-lag frå Hjartdal med i denne sesongen, gutar 8 år og jenter 10 år. Resultata i vårsesongen er varierande, men vi i Hjartdal fotball taper og vinn med samme sinn!! Det er veldig moro å sjå utviklinga til fotballspillerane, dei blir betre og betre utover i sesongen. I vår var vi så heldige at vi fekk nye drakter til det eine laget frå DNB Nor, dette var populært.

Laurdag 4. juni var det fotballtrenerkurs på Bergtun. Det kom ein kar med kompetanse frå Telemark Fotballkrets, for å lære ein flott gjeng med ungdommar frå Hjartdal og Flatdal reglar, tips og retningslinjer når det gjeld barnefotball. Vi fekk lære korleis ein kan sette opp ein treningstime og tips til øvelsar ein kan trene på. Det var muleg å stille spørsmål viss ein lura på noko. Vi var så heldige å ha god hjelp på kjøkkenet, og vi fekk servera nydelege hamburgerar og salat. Målet var at dei som er interessert i fotball kunne få tips om det å vera trenar, og det målet trur vi blei innfridd. Det var lærerike timar på Bergtun. Takkar Margrete på kjøkkenet, Telemark Fotballkrets som sendte ein mann opp til ”sentrale” Hjartdal og ikkje minst alle dei som meldte seg på kurset. Det hadde jau ikkje blitt kurs viss ingen hadde møtt opp!! Og me veit da til seinare at det fins potensielle barnefotball-trenerar i bygda! Tusen takk!

Kva skjer

Ingen oppføringer er funnet

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her