Banner

Me arrangerer fjosmaraton i år også! Sondag 15/5. Barneløp startar kl 10, 5 km ca 10.30 og halv og heil maraton startar ca kl 11.30.
Ungane spring ein runde pr år, som i fjor. Ein runde er 171 meter.
På dei lengste distansane vert løpsretning snudd kvart 20. minutt for å minske belastning.

Satsar på at foreldre / andre teller rundar for ungane. Me håper også at flest muleg ellers har folk som kan telle rundar for dei, dette gjeld særleg på 5 km. Skjema for å krysse av runder vert utdelt. Me teller for dei som treng assistanse med det. (Meld frå om det ved påmelding)

Me set pris på tidlege påmeldingar, for å kunne planlegge ut frå det.
Påmelding med navn, alder / distanse, idr lag, str på t-skjorte, og om du får nokon til å telle rundar eller ikkje: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 30/4
Uttrekkspremiar og deltagerpremiar.

Me håper på å ha litt andre aktivitetar og sjangse til å sjå på dyr og traktorar for dei som vil det.
Kiosk salg, kontantar.
Gratis påmelding, - bruk gjerne raust i kiosken :)

Kva skjer

Ingen oppføringer er funnet

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her

Sponsor

Hjartdal og Gransherad Sparebank