Nytt år, nye moglegheitar! Me kjører igang ny runde med Værstingen i august 2019.

Værstingen" er et ultraløp som både gjeng tilbake til "basics" og samtidig gjeng litt lengre enn dei fleste løp...

Teleros

Det startar med eit maraton rundt fjoset til Teleros samdrift. Det blir nokon rundar, for å si det slik.

Deretter er det (inntil) fire maraton-rundar i terrenget i umerka løype. Det skal nyttas kart og kompass, men det vil være lett orientering. - Det er ikkje noko o-løp.
Kart med postane ein må innom vært dela ut klokka 09 på løpsdagen. Fram til da er løypa hemmeleg, men det vil værte opplyst nokon punkter som skal lagras på gps på førehand.
Gps og telefon skal være avslått i sekken og kan nyttas om ein roter seg skikkeleg vekk eller treng hjelp.
Det er tilnærma ingen service på maraton rundane, og utøverane må ha med seg det dei treng av mat og drikke, klede og nødvendig utstyr.
Men det vil være åpne hytter å søke tilflukt i om nødvendig, og det vil være sports-drikk pulver på ein av postane.
På alle postane ein må innom vil det være ei bok, og ein skal ta med ei side frå kvar av bøkene for å vise at ein har vore rundt heile løypa. Dette leverer ein så ved runding.

Det vil være cut-off tid på 21 timar etter 3. maraton, og etter 4. maraton er cut-off 28 timar for å få lov å starte på siste runde.

Ein må klare fjosmarton og 2 maraton i terrenget for å gjere seg fortjent til ei "Værsting" t-skjorte. Dei som eventuelt klarer alle 5 maraton innan 35 timar får svart t-skjorte, og kan verkeleg kalle seg "Værstingen".

"Værstingen" er meint å være eit tøft men uhøgtidleg løp med høg moral og lave skuldre, der ein konkurerer med kvarandre og ikkje mot kvarandre.
Ein kan ikkje motta support utanom ved vending, men ein kan få hjelp av andre løperar. Og dersom nokon treng hjelp, plikter ein å hjelpe og om nødvendig varsle arrangør.

Dette er ikkje eit løp for dei store massene, av fleire grunnar. Det er eit tak på maks 25 deltakerar.
Det vil være obligatorisk utstyr ein må ha med seg. Ein må signere på eit skjema at ein er klar over dette, samt ein heil del anna viktig informasjon.
Ein må også signere på at ein har helse til eit slikt løp, har ferdighetane som trengs, og at ein sjølv er ansvarleg. Dette vert lagt ut seinare.
Ein må være minst 18 år ved start for å få lov å starte løpet.

Som ifjor søker me sponsorer med hjerte. Med det meiner me at der vil bli oppretta ein premiepott, som i tillegg til å gå til dei som klarer det, vil bli dela ut te ideelle- og veldedige formål! Formålet er det sponsorane som blir enige om saman med løpsledelsen.

Påmelding innen 31.05.19 – 650,-
Påmelding i tidsrommet 01.06.19-31.07.19 – 800,-
Påmelding sendes til: Påmeldingsavgift betalast til 2699 07 03336 ved påmelding. Ingen refusjon.
Skriv gjerne nokre ord om deg sjølv i påmeldinga, kanskje nettopp det sikrar deg ein plass. Dei som får plass vil få beskjed om det, og vil da ha ei veke til å betale påmeldingsavgifta. Dei vil da også få meir info og skjema for signering.

Følg med på facebooksida eller ta kontakt med HIL for meir informasjon.

Her trengs det heiagjeng også!

VELKOMMEN!

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her