Utskrift

Med Robert Dokken og Arnhild Brennesvik

Spelemann: Per Anders Buen Garnås

Stad: Bergtun

Laurdag 21. jan. kl. 10-15 og Sundag 22. jan. kl. 11-16

Laurdag 18. feb. kl. 10-15 (Konsert og dans same kveld)

Pris: 750 kr

Påmelding seinast 13. jan. til tlf. 99258391 eller e-post:

Arr.: Fjellrosa

Fjellrosa er så heldige å ha fått fatt Robert Dokken og Arnhild Brennesvik, båe store kapasitetar frå folkedansmiljøet i Jondalen, til å halde kurs i gangar og springar to helger på nyåret.

Fjellrosa vonar det kjem deltakarar frå alle Hjartdalsbygdene, og Notodden også. Ein oppmodar både dei som har dansa litt frå før og ferske om å melde seg på. Ein vil også søke å få til dansekveldar utover vårhalvåret.

Interessa for folkemusikk og folkedans aukar i Hjartdal-Notodden for tida, og dette er ein gylden sjanse til å vera med og få fart på sakene!