Klikk her for å sjå kart over årets løype

BergtunHeile veke 36 blir det moglegheiter til å gjere ein innsats ute og inne på Bergtun. Me håpar mange blir med! Om du vil male golv, vaske vindauge, montere hyller, bruke kantklypper, rydde tre, luke blomsterbed, male lister rundt vindauga, kitte vindauge i den gamle delen, vaske kjøkken, kjøle og lager, bake kake, rydde område for søppel…

Dugnadsdagane er tysdag 1.9 og fredag 4.9 kl.17-21 og laurdag 5.9 kl.10-15. Begge dagane blir det servert mat og drikke til dugnadsgjengen. Ta med utstyr til det du/dykk vil gjere, for eksempel så må du ha med sag for å rydde tre… Spørsmål til 47832888.

Hus-styret på Bergtun
Anette L., Anne N.H., Anne Therese H., Ole Sigbjørn B., Magne M.

svett og spræk Hilde Skeie og Guro Dølen er klare for nok ein haust med trening i gymsalen på Gvammen skule.

Kl. 19:00 kvar torsdag. Bli med, her er plass til alle.

Men før du entrar gymsalen, må du ha betalt medlemskontigenten for 2019.

Barneidrett HILDenne hausten blir barneidretten på tysdagar, og fyrste gongen er 15. oktober. Fram til og med 3. desember.
Husk innesko og drikkeflaske.
1.-4.klasse: 16:45-17:45
5.-7.klasse: 17:45-18:45
Alle barna SKAL bli fulgt og henta ved dynna! Med tanke på sikkerheit.
Og sist men ikkje minst: alle som deltek på HIL sine arr, MÅ ha betalt medlemskontigenten for 2019. Er du usikker på om du allereie har gjort det? Kontakt kasserar Renate Bakken (tlf. 971 54 798)
Har du spørsmål om Barneidretten? Kontakt Ann-Christin F. Høgetveit (tlf. 986 28 631)

Hjartdal IL arrangerte MiniTri i Hjartdal sundag 18.august.

Samtidig som Dag Olav Tho fullførte sin femte maraton i Værstingen, haldt den yngre garde med born og unge på med MiniTriatlon i kyrkjeparken i Hjartdal. Og blant dei 36 tøffe ungane som deltok var det kanskje ein framtidig deltakar i Værstingen? 😉

Grunna stor vassføring og kaldt vatn, blei svømming bytta ut med spensthopp før sykkel og løping sto for tur.

Det blei eit vellykket MiniTriatlon, men deltakarane fekk ein ekstra utfordring under sitt løp da himmelen åpna seg for fullt. Hjartdal Idrettslag skaper originale konkurranser i ein uhøgtideleg konkurranse for å inspirere dei minste. Heilt ned til dei med støttehjul deltok. Det var ingenting å si på innsatsen til utøverne i alderen 2- 14 år. Og støtteapparatet sørget for forfriskninger og energipåfyll. Og som hedersgjest passerte Dag Olav Tho, superværstingen, i fint driv ut på sitt 5. maraton.

Det var også muligheter til å ta idrettsmerke i stille hopp og ballkast under arrangementet.

Foto/tekst: Renate Bakken, Telen v.Trond Kaasa. Takk!

MiniTri 2019 (1) MiniTri 2019 (2)

MiniTri 2019 (3)

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her