Klikk her for fleire bilete

I helga arrangerte Hjartdal IL for andre gong ultraløpet "Værstingen" i Hjartdal. Den tjukke tuku låg som eit teppe over dalen, men letta ettersom deltakarane hadde runda 150 runder rundt fjoset. Og dei skulle 247 rundar rundt Teleros, eit maraton, før det bar ut i Hjartdalsfjella.

Dag Olav Tho klarte målet om 5 runder på tida 34 timar og 15 minutt. Me fekk au tre Værstinger på 3 runder: Øystein Jack Ness, Mariann Langås og Kari Beate Hovde!

Været har ikkje spelt heilt på lag, men det la ikkje demper på humøret til deltakarane! I tillegg til ein positiv deltakergjeng, har me eit vanvittig bra supportmannskap som løyser alt! TUSEN TAKK til alle som har bidratt til å få Værstingen gjennomført og gratulerer til dykk 4 som fekk godkjent Værstingen i år! TUSEN TAKK til sponsorane!

'Me sjåast te neste år!' #Værstingen2020


Deltakarar med startnummer: Jørgen Grønstad (107), Mariann Langkås (102), Kari Beate Hovde (103), Trine Haugeberg (101), Øystein Jack Næss (109), Jan Remi Særsland (108), Cato Listaul (111), Anders rekdal Christensen (106), Fredrick karlsen (110), Einar Rud (105), Dag Olav Tho (104) og Tom Sedgwick (112)

Fotograf: Telen og Hjartdal IL

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her