Klikk her for fleire bilete

I helga arrangerte Hjartdal IL for andre gong ultraløpet "Værstingen" i Hjartdal. Den tjukke tuku låg som eit teppe over dalen, men letta ettersom deltakarane hadde runda 150 runder rundt fjoset. Og dei skulle 247 rundar rundt Teleros, eit maraton, før det bar ut i Hjartdalsfjella.

Dag Olav Tho klarte målet om 5 runder på tida 34 timar og 15 minutt. Me fekk au tre Værstinger på 3 runder: Øystein Jack Ness, Mariann Langås og Kari Beate Hovde!

Været har ikkje spelt heilt på lag, men det la ikkje demper på humøret til deltakarane! I tillegg til ein positiv deltakergjeng, har me eit vanvittig bra supportmannskap som løyser alt! TUSEN TAKK til alle som har bidratt til å få Værstingen gjennomført og gratulerer til dykk 4 som fekk godkjent Værstingen i år! TUSEN TAKK til sponsorane!

'Me sjåast te neste år!' #Værstingen2020


Deltakarar med startnummer: Jørgen Grønstad (107), Mariann Langkås (102), Kari Beate Hovde (103), Trine Haugeberg (101), Øystein Jack Næss (109), Jan Remi Særsland (108), Cato Listaul (111), Anders rekdal Christensen (106), Fredrick karlsen (110), Einar Rud (105), Dag Olav Tho (104) og Tom Sedgwick (112)

Fotograf: Telen og Hjartdal IL

Årsmøte i Hjartdal Idrettslag 2019

21. mars kl. 19.00 på Bergtun klubbhus

 

1)      Godkjenning av dei som har stemmerett

2)      Val av møteleiar, referent og to til å skrive under protokollen

3)      Handsaming av årsrapportar frå styret og gruppene.                                                                 

4)      Handsaming av årsrekneskapen 2018

5)      Handsaming av medlemskontingenten 2019

6)      Handsaming av budsjett 2019

7)      Val med framlegg frå valkomiteen

 

Vel heim!

 

Årsrapportane og årsrekneskap blir lagt fram under årsmøtet.

 

 

Helsing Styret

HIL kallar inn til årsmøte 21. mars kl. 19 på Bergtun.

Saker til handsaming må vere levert inn til styret innan 10. mars. Alle saker leveras inn til skriver Helge Bekkhus på e-post eller som notat direkte.

Enkel bevertning.

Nytt år, nye moglegheitar! Me kjører igang ny runde med Værstingen i august 2019.

Værstingen" er et ultraløp som både gjeng tilbake til "basics" og samtidig gjeng litt lengre enn dei fleste løp...

Les mer: Værstingen 17.–18. august 2019

Hus-styret på Bergtun riggar til ny forestilling, - bli med å støtt opp om Bergtun! Drangedal Bortforklaring presenterer "Øyhopping m/sidesprang". Tom Jackie Haugen er veldig klar for Hjartdal igjen!
Det er begrensa antal billettar, så meld deg på så fort du kan til tlf.: 97180070 før 23.02.19.
Det blir vanleg kiosksal, og sal av øl og vin.
Inngang: 250,-
Dynnein opnar kl.18:00. Showstart kl.19:00. Etter showet blir det muligheter for ein svingom!
Aldersgrense 18 år.

Håpar mange melder seg på, og støttar opp om huset i bygda!

Helsing hus-styret på Bergtun.

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her