Motocross treningsbane i bygda?
- Detaljer
- Skrevet av Dag Olav Tho
-
Kategori: Nyheiter
-
Publisert 30. juni 2015
Styret meiner det hadde vore ein bra om me kunne klara å få til ein treningsbane for motocross i bygda. Det kunne aktivisera mange unge, også dei som ikkje er så aktive på andre aktivitetar idrettslaget har i dag.
Jan Kristensen (leiar HIL) var i kontakt med vegvesenet om det var muleg å få bruke noko av areala deira, men det var ikkje aktuelt. Me håper nokon "der ute" kanskje har noko område sjølve eller veit om noko som me kanskje kunne bruka til formålet. Ta kontakt med leiar i så fall, eller om du har spørsmål om emnet.
TELEBONDEN fjosmarathon
- Detaljer
- Skrevet av Dag Olav Tho
-
Kategori: Nyheiter
-
Publisert 08. april 2015
Sondag 31/5 er det eit uhøgtideleg løp rundt fjoset til Teleros. BARNELØP, 5 KM, HALVMARATHON, HEILMARATHON.
Et slikt løp har det nok neppe vore før, så her har du sjangse til å være med på noko utanom det vanlege!
Det er deltagerpremie (t-skjorte mm) til alle, og flotte uttrekkspremiar! Heilt gratis (Takka være Hjartdalbanken, Sweco, Tine, Anton sport og Hoka)
Me starter kl 10 med barneløp. Ein runde rundt fjoset pr år (Født i 2013 = 2 rundar, 2010 = 5 rundar, osv)
Me satsar på å sende avgårde ein del årsklasser samtidig, og at foreldre/ andre sjølv teller rundar. (Om nokon har fleire ungar å passe på / følge så sei i frå så hjelper me til med å telle rundar)
5 km startar ca kl 10.30 (tidlegast), og Marathon distansane ca kl 11.30 (tidlegast).
Det er kiosksalg av / for fotballjenter J13 som skal på Norwaycup. (Ta med kontanter, gjerne småpengar)
Det vil også verte muleg å helså dyra i fjoset for dei som vil det.
NB: Påmelding før 10/5 pga bestilling av deltagerpremiar mm
Påmelding til . Skriv fødselsår (barn/ungdom) eller distanse (voksne), navn, størrelse på t-skjorte, og kor du kjem frå (om det ikkje er Hjartdal)