Ambjørndalen er i ferd med å våkne til liv med restaurering og rydding på flere av de fine plassene vestover. Bli med å bli kjent i et fjernt nærområde!

 

Tur og åpen dag sundag 24. august

Sundag 24. august er det open dag ved Kulturlandskapssenteret. Arrangementet er gratis og omfattar føredrag på Teleros, omvising i lauvingslia på Myljom–To og gåtur langs Ambjørndalsstigen. Ein kan delta på alt eller delar av programmet.

Program:

Kl. 13.00 – 14.00 Føredrag på Teleros (Uppistugo).
ABC om kulturlandskap med vekt på utmarksbruk, slått og lauving.
Lynkurs i restaurering⁄skjøtsel av slåtteenger og lauvingstre.
Ved Ingvill Marit Buen Garnås

Kl. 14.30 – 15.30 Omvising i Lauvingslia på Myljom–To.
Lauvingslia ligg ein knapp km frå Teleros.
Ved Olav Tho

Kl. 16.00 Gåtur rundt Ambjørndalsstigen frå krysset ved Myljom–To (6 km rundløype).
Ambjørndalsstigen er ein nyleg rydda og skilta natur– og kulturstig. Den går frå krysset ved Myljom–To, via Nord–To, Ambjørndalen, Lislero, Dale, Valufsin, Valufsura og Bøllås før den går nedatt vegen til Togrenda.
Planlagt nistepause på Gamletun på Ambjørndalen ca. kl. 16.30.
Ingvill Marit Buen Garnås og Olav Tho blir med som omvisarar.

Parkering ved samdriftsfjoset Teleros, Hjartdal Nordbygd, Holmsvn. 221.

Ta med niste, drikke, gode sko og klede etter veret.
Alle delar av arrangementet er gratis å vera med på. 

Arrangementet er støtta av Miljødirektoratet.

Gåturen går i samarbeid med Hjartdal Idrettslag.

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her