Vi har 2 gode fotball-lag frå Hjartdal med i denne sesongen, gutar 8 år og jenter 10 år. Resultata i vårsesongen er varierande, men vi i Hjartdal fotball taper og vinn med samme sinn!! Det er veldig moro å sjå utviklinga til fotballspillerane, dei blir betre og betre utover i sesongen. I vår var vi så heldige at vi fekk nye drakter til det eine laget frå DNB Nor, dette var populært.

Laurdag 4. juni var det fotballtrenerkurs på Bergtun. Det kom ein kar med kompetanse frå Telemark Fotballkrets, for å lære ein flott gjeng med ungdommar frå Hjartdal og Flatdal reglar, tips og retningslinjer når det gjeld barnefotball. Vi fekk lære korleis ein kan sette opp ein treningstime og tips til øvelsar ein kan trene på. Det var muleg å stille spørsmål viss ein lura på noko. Vi var så heldige å ha god hjelp på kjøkkenet, og vi fekk servera nydelege hamburgerar og salat. Målet var at dei som er interessert i fotball kunne få tips om det å vera trenar, og det målet trur vi blei innfridd. Det var lærerike timar på Bergtun. Takkar Margrete på kjøkkenet, Telemark Fotballkrets som sendte ein mann opp til ”sentrale” Hjartdal og ikkje minst alle dei som meldte seg på kurset. Det hadde jau ikkje blitt kurs viss ingen hadde møtt opp!! Og me veit da til seinare at det fins potensielle barnefotball-trenerar i bygda! Tusen takk!

Da er vi i gang med fotballtrening snart. Denne sesongen har vi klart å få 2 lag i Hjartdal, og det er bra! Desse laga består av:

Gutar 8 år: Jenter 10 år:
Vilje Langåsdalen Stine Flatland
Jonas Hagen Marianne Flatland
Sindre Våle Hedda Høgetveit
Eirik A. Lofthus Anita Hovdejord
Olav Andrè Schia Heidi Våle
Anette Østbø Marthe Djupedal
Christine Djupedal Eline Haugeberg
Karianne Haugland Ingeborg Langåsdalen
Mona Våle Sigrid Gjerjordet

Det stiller opp eit sterkt og sprekt trenerteam med Anette Langåsdalen i spissen, og det er vi glad for!

MØT OPP PÅ GVAMMEN SKULE 6., 13. og 27.april KL.16.45, SLIK AT BARNA ER KLARE TIL Å TRENE KL.17.00

Fotball er ein lagidrett og det er derfor viktig at vi lærer barn og ungdom til å stille opp på det ein har sagt ja til. På foreldremøtet blei det derfor einighet om å ikkje ha noko ”gulrot” ved at dei som er med på x antall treningar får ein form for ”premie”. Vi tek det derfor som ein sjølvsagt ting at alle møter opp på treningar og kampane i denne sesongen. Skulle det vera noko spesielt i vegen for at ein ikkje kan møte, ta kontakt med laglederane.

Olaug Irene F. Gjerjordet 	98 61 41 23 (lagleder jenter 10 år)
Anna L. Langåsdalen		41 68 98 89 (lagleder jenter 10 år)
Hanne A. Lofthus		97 65 76 19 (lagleder gutar 8 år)
Hilde Busk			91 37 12 26 (lagleder gutar 8 år)
Anbjørg Gjerjordet		40 88 29 20 (leiar i Hjartdal fotball)

Det er på våren og hausten gode moglegheitar for alle som ynskjer å bli med på fotballtrening. Fotball er ein veldig fin aktivitet, der ein får også lære samspill. Vi er så heldige her i Hjartdal som har så fin ein fotballbane, den er til for å brukast!

Så bli med på fotball, vi treng mange store og små aktive og blide barn! Som forelder trengs du til kjøring på kampar og liknande, og ikkje minst – heie!

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her