Det har vore ein god del endringar i løypenettet i løpet av desse 30 åra og dagens løypenett er totalt på litt over 50 km.

Utgangspunkt for løypene er enten frå Hundemyr Parkering eller frå Hjartdal Fjellstoge/Breivatn og mange har Lekkjenuten N. som mål for turen. Fjellstadfjell rundt er også ei mykje bruka løype for alle som har utgangspunkt frå ”Gvammensida”. Tilkomst til Hundmyr Parkering er ved å kjøre av E-134 i Nordbygda og opp forbi Hjartdal kyrkje og vidare innover fjellvegen (obs: bompengar). Tilgang til Breivatnområdet får ein ved å ta av E-134 i Gvammen og kjøre opp vegen til Opsal/Hjartdal Fjellstoge og vidare innover fjellvegen (obs: bompengar).

Nokre bilete frå løypene:

Skiløyper

Skiløyper

Skiløyper

Medlemskap

HIL tilbyr aktivitetar for nesten alle aldre og håpar derfor både barn, voksne, ungdom og eldre ser verdien av å stå som registrert medlem.
Enten du regner deg som aktiv eller ikkje, ønsker vi deg velkommen inn! Les meir her