Om HIL
- Detaljer
-
Sist oppdatert 03. februar 2019
Hjartdal idrettslag er eit lite, men aktivt idrettslag. Me har ca. 150 aktive medlemmer og dugnad er vesentleg for drifta av laget. Nyleg har idrettslaget bygd om og fornya Bergtun, bygdas felleslokale. I tilknytning til Bergtun ligg Idrettslagets fotballbane som er 40x60 meter og er heimebane for HIL sine lag frå 2. klasse t.o.m. 7. klasse. Fotball for ungdomsskulebarna kjøres i samarbeid med Sauland IL. Det finst også ei gruppe med Old-boys-spelarar som trenar på Bergtun. I 2018 blei ein leikepark for born ferdigstilt på Bergtun og i 2019 byrjar forarbeidet for å få på plass eit friområde med blant anna ein sandvolleyballbane.
Aktiviteten i laget er knytta opp mot barne- og ungdomsaktivitetar, men HIL har også tilbod til vaksne. Tradisjonelt er ski, fotball og hopp hovedaktivitetar. HIL utvidar gjerne tilbodet og behandlar alle forespørslar/ynsjer om ny aktivitet fortløpande. Gjennom haust, vinter og vår gjennomføres trening for ungdom og vaksne med styrkekondisjon og Zumba to dagar i veka. Barneidretten gir eit variert tilbod gjennom haustsesongen, men lysløpa samlar mange gjennom vintersesongen. I fjellet tilbyr idrettslaget omlag 50 km gode skiløyper i skogs- og fjellterreng. Som nokon av dei fyrste har HIL arrangert skicross som konkurranseform i fleire år, eit poplært alternativ til vanleg langrenn. HIL vil gjerne bidra til auka aktivitet i eige naturvakre område og ynskjer å tilby både felles fjellturar og trimturar i bygda.